mandag 15. februar 2010

Ferdig for denne gongen

Fredag 12. februar avslutta eg turneringa med "Den svarte oksen" for denne gongen.
Då hadde eg tilsaman turnert i åtte veker og besøkt skular i Buskerud, Hedmark, Oppland og Hordaland. Dei tre siste turnevekene var eg i Nordhordland og møtte hundrevis av kjekke ungar og lærarar.

Ein av skulane la inn denne kommentaren på bloggen min mannsgaman.blogspot.com

Me er ei 6. klasse frå Kolltveit som var så heldige å få Atle Hansen på besøk den 10.02. Dette er nokre av kommentarane våre på forestillinga Den svarte oksen:
Atle var svært flink til å kommbinere gitarspeling og forteljing.
Atle var svært flink til å leve seg inn i historia når han fortalde.
Me var svært nøgde med boka.
Atle er flink til å halde spaninga gjennom heile boka.


Eg set pris på slike ord, og viss det er andre som har kommentarar å komma med, både ris og ros, så skriv dei her.