torsdag 3. desember 2009

Uksen i fjellheimen

Åmot og Trysil var kjekke kommunar å turnera i, trass i at det er langt mellom folk der og tett med skog. Grusvegar med stålis, er det òg. Både eg og oksen vart tekne godt imot av tryslingane, som eg hadde fått fortalt på førehand (av ein nynorskforfattar frå desse traktene) er nynorskhatarar. Dei gav ikkje inntrykk av det. Men dei kan vera gode å løyna hatet sitt.

Her er eit par bilete frå besøket på Deset i Åmot. (Dei er tekne før eg kjem i gang, medan eg held på å få lyd i myggmikken.)
http://www.amot.gs.hm.no/deset/2009-10/Bilder/forfatterbesøk.htm



Den svarte oksen er no på tur rundt i dalstroka ved Jotunheimen og Dovre. Lom, Skjåk, Sel, Vågå, Dovre og Lesja.

Sjølv om eg ikkje føler at eg ikkje kvar dag har vore heilt i toppform sjølv, lese feil og rota litt med gitareffektar og speling, har mottakinga vore svært god.

I Skjåk har biblioteket oppdaga at eg har vore på besøk og har laga ein konkurranse omkring boka. Slikt tykkjer eg er kjekt, og er eit godt tips til andre bibliotek.

http://skjakfolkebibliotek.blogspot.com/

I helga skal eg heim til Stord, sundag reiser eg til Dombås.

onsdag 18. november 2009

Okse i ulveland

Den svarte oksen er denne veka i Åmot i Østerdalen. To framsyningar på Rena skole i dag. Det gjekk fint. Nokre sjuandeklassejenter tykte kanskje det var litt kjedeleg, eller litt for barnsleg for folk som er på full fart inn i ungdommen, men elles var det kjekt.
Blir i Åmot resten av veka. Neste veke står Trysil for tur.

tirsdag 13. oktober 2009

Gode ord på bloggen Bentebing

Eg stel desse linene frå bloggen Bentebing:

Da var det andre boller å lese Atle Hansen sin siste bok Den svarte oksen. Den er skummel og har en så intens spenning at jeg er glad det var dagslys og lenge til kveld og tussmørke.



http://bentebing.wordpress.com/

onsdag 30. september 2009

Svært god omtale i Vårt Land

Avisa vårt land melde "Den svarte oksen" 30. september. Det er ei god og grundig melding, tykkjer eg. Her er nokre utdrag frå det meldaren Heidi Sævareid skriv:

Kan et dikt være skummelt? Ja visst for antydningens kunst ligger i diktets natur. Nå er ikke Den svarte oksen et dikt men nesten, takket være den korthogde skrivestilen. (...)

Spenningsroman, sier bokens tittelblad. Ja, spenningen dirrer, men ikke først og fremst knyttet til oksens potensielle angrep. Det er i Gisles sinn spenningen rører seg. Han gjennomlever testen på om han holder ut, og på om han virkelig er voksen nok til det han har kastet seg ut i. (...)

Uhyggen står i sentrum, og stemningen mørkner for hver side, mye på grunn av det lyriske, repetitive preget. Kapitlene er korte og strofelignende, setningene brytes hyppig opp av linjeskift, slik at det sentrale betones. (...) Det er som om natten snører seg rundt fortelleren.

Skrekklitteratur får lett noe latterlig over seg, ofte fordi det pøses på med skumle effekter og lange utlegninger om hvor nifst det hele er. Denne fellen unngår Hansen han vet å hinte. (...)

Atle Hansen har skrevet spenningsbøker tidligere. Den svarte oksen er den korteste hittil, og også den beste, for her eksellerer han i spenningens essens: Antydningen.

mandag 14. september 2009

Heime etter kjekk turne

Dei to vekene på turne for Bukserud DKS var veldig kjekke. Etter ein litt treg start i Hokksund, vart det betre og betre dag for dag. Kanskje vart eg det òg? I alle fall gjekk både framføringa av tekst og musikk/lydeffektar betre og kontakten med elevane vart svært god.

Særleg var framføringane på skulane i Hurum og Røyken svært kjekke. Her vart eg godt motteken av både elevar og lærarar på kvar einaste skule. Alle som meiner at nynorsk ikkje vert forstått i bokmålsland, skulle vore der og sett at både nynorsk og sunnhordlandsdialekt gjekk rett heim.

Etter mest kvar framføring kom det elevar til meg og spurde om boka er til sals, og kor dei kan få kjøpa henne. Diverre måtte eg svara at eg ikkje hadde sett eit einaste eksemplar av "Den svarte oksen" i nokon av bokhandlarane i distriktet. Men om dei spør etter bo, lyt dei ta henne inn.

I alle fall, eg hadde det svært fint på denne turneen. No skal eg ikkje turnera att før i november. Då står Hedmark for tur.

tirsdag 1. september 2009

På turne i Buskerud

Dei to første vekene i september turnerer eg i Buskerud, nærare bestemt i området kring Drammen. No er eg i Øvre Eiker. Eg har framført "Oksen" på fire skular. Den første framføringa var litt tung, eg fekk ikkje heilt kontakt med ungane og mange av dei var opptekne av heilt andre saker enn å lytta på opplesing og gitarlydar. Dei hadde maur i buksa dei fleste av dei.

Men så reiste eg vidare til Skotselv, og der trefte eg ein gjeng som Både var interesserte og engasjerte og gav meg det løftet som eg treng for at alt skal fungera som det skal. Like kjekt har det vore i dag, på Røren og Ormåsen skular.
Kjekke elevar og lærarar som har teke vel imot meg. (Og det siste er slett ikkje noko ein opplever alle stader ein kjem.)

Eg har også hatt besøk på to av framføringane. På den første kom redaktøren min på Samlaget, og såg til at eg skikka meg fint. Og i dag var to frå DKS i Buskerud og høyrde meg. Slikt er hyggjeleg.

Buskerud DKS har laga ein flott faldar om programmet mitt, som er sendt rundt til skulane. Diverre er det ikkje alle som har lese desse før eg kjem. Ein lærar sa at ho ikkje hatt tid til det. Det tek vel toppen fem minutt å lesa gjennom teksten. Eg er redd for at ho ikkje er den einaste som ikkje har prioritert å setja av desse fem minutta til å førebu seg til forfattarbesøk.

Etter å ha vore i Vestfossen og Darbu drog eg vidare til Hurum. Og i Hurum var alle både gått førebudde og tilseynelatande glade for at eg kom på besøk. Sjeldan har eg vorte teken så godt imot av lærarar og elevar. Og det var like hyggjeleg på kvar skule. Ikkje berre lytta dei på tekst og tonar, dei gav seg også tid til å snakka med meg etterpå. (Og på fleire av skulane vart eg møtt med kaffi, vafler og/eller frukt.) I Hurum har dei også godt fungerande kulturvert-opplegg på skulane. Ein vert teken imot av hjelpsame og blide elevar, som både ønskjer velkommen og takkar for besøket. Slikt er med å gjera ein turnerande forfattar sin kvardag mykje lettare og lysare.

onsdag 26. august 2009

Ein vegg med oksar

I dag kom eg inn på Ark i Bytunet på Leirvik og vart møtt av ein heil vegg med oksebøker bak disken. Flott! Dei hadde også fått inn buttons og postkort frå forlaget, som dei skal dela ut på boksleppet laurdag.

torsdag 20. august 2009

Intervju og melding i Sunnhordland

Avisa på Stord, Sunnhordland, har intervjua meg om Den svarte oksen.

http://www.sunnhordland.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20090820/KULTUR/980664349/-1/forside


Heidi Eikremsvik har meldt boka, ho skriv m.a.: "Forfattaren viskar bort grensene mellom sant eller ikkje i denne medrivande skildringa av skremmande ting som hender. (...) boka har adresse til fleire enn born og unge, og er til ettertanke også for vaksne."

tirsdag 11. august 2009

Bokslepp og turnepremiere

Laurdag 29. august kl 13.00 framfører eg "Den svarte oksen" i Stord kulturhus.
Programmet vert det same som eg skal på turné med i Buskerud dei to følgjande vekene.
Eg les heile boka, medan eg "kompar" meg sjølv på el-gitar og lagar effektar, klangar, loopar og anna stemningslyd.

Billettprisen vert umåteleg sympatisk, kr 25 per person.
Alle frammøtte får jakkemerke, postkort og eit eksemplar av "Gull og edelsteinar" - bøkene om Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill i samling, som eg har overteke restopplaget på og (no har tenkt å anten selja svært billig eller dela ut gratis, når det høver seg slik.)

Eg håpar også å få til sal av "Den svarte oksen".

Høyr meg lesa det første kapitteleg i boka ved å klikka på youtube-lenkja til høgre i bloggen.

søndag 2. august 2009

Den svarte oksen

I byrjinga av august vert "Den svarte oksen" sendt ut til butikkar og presse.
Samlaget har trykt opp postkort og jakkemerke/buttons til marknadsføringa.
I september reiser eg ut på den første turneen i Den kulturelle skulesekken med eit program bygd på boka. Eg skal då til Buskerud i to veker. Seinare i haust skal eg turnera i Hedmark og Oppland og etter nyttår i Hordaland. Til saman skal eg ha 70 framsyningar der eg les teksten medan eg "kompar" meg sjølv med elgitar, loopar og lydeffektar.