tirsdag 1. september 2009

På turne i Buskerud

Dei to første vekene i september turnerer eg i Buskerud, nærare bestemt i området kring Drammen. No er eg i Øvre Eiker. Eg har framført "Oksen" på fire skular. Den første framføringa var litt tung, eg fekk ikkje heilt kontakt med ungane og mange av dei var opptekne av heilt andre saker enn å lytta på opplesing og gitarlydar. Dei hadde maur i buksa dei fleste av dei.

Men så reiste eg vidare til Skotselv, og der trefte eg ein gjeng som Både var interesserte og engasjerte og gav meg det løftet som eg treng for at alt skal fungera som det skal. Like kjekt har det vore i dag, på Røren og Ormåsen skular.
Kjekke elevar og lærarar som har teke vel imot meg. (Og det siste er slett ikkje noko ein opplever alle stader ein kjem.)

Eg har også hatt besøk på to av framføringane. På den første kom redaktøren min på Samlaget, og såg til at eg skikka meg fint. Og i dag var to frå DKS i Buskerud og høyrde meg. Slikt er hyggjeleg.

Buskerud DKS har laga ein flott faldar om programmet mitt, som er sendt rundt til skulane. Diverre er det ikkje alle som har lese desse før eg kjem. Ein lærar sa at ho ikkje hatt tid til det. Det tek vel toppen fem minutt å lesa gjennom teksten. Eg er redd for at ho ikkje er den einaste som ikkje har prioritert å setja av desse fem minutta til å førebu seg til forfattarbesøk.

Etter å ha vore i Vestfossen og Darbu drog eg vidare til Hurum. Og i Hurum var alle både gått førebudde og tilseynelatande glade for at eg kom på besøk. Sjeldan har eg vorte teken så godt imot av lærarar og elevar. Og det var like hyggjeleg på kvar skule. Ikkje berre lytta dei på tekst og tonar, dei gav seg også tid til å snakka med meg etterpå. (Og på fleire av skulane vart eg møtt med kaffi, vafler og/eller frukt.) I Hurum har dei også godt fungerande kulturvert-opplegg på skulane. Ein vert teken imot av hjelpsame og blide elevar, som både ønskjer velkommen og takkar for besøket. Slikt er med å gjera ein turnerande forfattar sin kvardag mykje lettare og lysare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar