fredag 12. mars 2010

Oksen på Osterøy


I januar var eg på Osterøy folkebibliotek i samband med oppstart av eit leseprosjekt. Bibliotekar Tone Vatle har sendt meg ein rapport om både mi framføring og om leseprosjektet, bilete la ho og ved. Her er eit av bileta og noko av det ho skreiv:


Valestrand skule vann Les for Livet 2010

Leseåret 2010 starta med rockegitar og bøker på Osterøy Bibliotek. Barnebokforfattar og artist Atle Hansen rocka fram leselysta i femteklassingane tidleg i januar.

Den populære forfattaren reiste frå Stord til Osterøy ein av dei aller kaldaste dagane tidleg i januar. Temperaturmålaren i biblioteklokala klarte så vidt å pressa seg over 14 grader, og alle vart oppfordra til å sitja med jakkene på. Men det gjekk ikkje lange stunda før seige bluestonar og heftige rockeriff fekk varmen opp i unge kroppar. Jakkene vart kasta, og elevane svinga med i Hansen sine rytmar. Han las frå boka ”Den svarte oksen” og let heile tida gitarmusikken liggja som ei lydkulisse til lesinga.
Dette fenga både unge og eldre, og fleire spurde om det låg bøker av Atle Hansen i bokkassen dei fekk med tilbake til klassen. Etter forfattaropplevinga var det nemleg tid for lesekonkurranse.
Femteklassingane har som vanleg lese for livet i fire veker. Kassane frå biblioteket er fulle av alle typar bøker med spørsmål til kvar bok. Elevane les og fyller ut skjema. Dei kan sjølvsagt og lesa andre bøker. Det er jo ikkje sikkert at innhaldet i kassane klarer å dekka alle interessefelt.
(...)

I løpet av dei fire vekene konkurransen varte, har femteklassingane på Valestrand skule lese i gjennomsnitt 1912 sider kvar. Det er flott! Og kanskje har Atle Hansen med rockegitaren hatt ekstra appell til gutane. Eller dei likar berre veldig godt å lesa? I alle fall var gjennomsnitt leste sider hjå gutane på Valestrand 2362 sider!
Osterøy Bibliotek gratulerer dei glade vinnarane med sigeren, og takkar alle som deltok for flott leseinnsats. Det var nemleg fleire andre skular som pirka Valestrand i ryggen.
Og leseåret 2010 fekk altså ein fantastisk flott start.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar